Holsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Holsen er ei bygd i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Ho ligg ved Holsenvatnet, aust i kommunen, og er gjennomskoren av riksveg 13. Bygda går lokalt i Førde også under namnet Holsa.
I bygda ligg Holsen kyrkje, ei trekyrkje frå 1861, og Holsen skule, som i 2003 hadde 25 elevar.
[endre] Historie
I 1847 gjekk det eit jordras på Holsen der 4 mennesker omkom.
[endre] Holsen som etternamn
Det er omlag 400 som har Holsen som etternamn i Noreg (2006).
[endre] Bakgrunnsstoff
- Holsen kyrkje på nrk.no
- Skular i Førde på nrk.no (kjelde for elevtal)
- Søk etter norsk namnestatistikk for Holsen hjå Statistisk Sentralbyrå