Havålfamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havålfamilien |
||
|
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Anguilliformes | |
Familie: | Congridae | |
Vitskapleg namn | ||
Congridae |
Havålfamilien er ein stor familie reint saltvasslevande ålefisk som hovudsakeleg er utbreidd i Stillehavet. Nokre artar lever òg i Atlanterhavet og Det indiske hav. Dei fleste artane er tropiske, men somme lever òg i tempererte strok. I Noreg førekjem èin art; havål.
Havålfamilien omfattar rundt 150 artar, fordelt på 32 slekter.
[endre] Kjenneteikn
Alle havålartane manglar skjel, er utstyrte med kraftige kjever og har tverrtappar på oversidan av ryggvirvlane sine. Som regel har dei brystfinner.
Dei fleste havålar er nattaktive rovfisk som lever av fisk og krepsdyr. Dei finst helst på djupt vatn, bortsett frå dei få tempererte artane. Artane i underfamilien Heterocongrinae, lever i koloniar i sandbotn, og kjem opp for å ete plankton om natta.