Guantánamo Bay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guantánamo Bay er ei skjerma vik i provinsen Guantánamo på den sør-austre kysten av Cuba i Det karibiske havet, omlag 13 km sør for byen Guantánamo. Det er den største hamna på sørsida av øya.
Ein del av området er kontrollert av Dei amerikanske sambandsstatane, som har marinebasen «Guantanamo Bay Naval Station» der. Her oppretta Sambandsstatane i 2001 eit fengsel der dei held fangar tekne under krigane i Afghanistan og Irak og folk dei mistenkjer for å vera terroristar.