Gransongar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gransongar |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gransongar (foto: Svein Jan Hjelmeset) |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Phylloscopus collybita Vieillot, 1817 |
Gransongaren (Phylloscopus collybita) er ein fugleart i songarfamilien. Fuglen er omlag 12 cm lang. Han er svært lik lauvsongaren, men det er lett å skilje dei på songen. Gransongaren syng eit enkelt «tjipp tjapp» medan lauvsongaren syng ei dalande tonerekkje. Begge fuglane har brungrøn overside, gråkvit eller gulaktig underside og gulkvit overaugestripe.
Fuglen byggjer reiret sitt på eller rett over bakken av strå og visna lauv, og fôrar med fjør. Gransongaren legg 5-8 kvite egg med mørkebrune/svarte prikkar i mai-juni. Hoa rugar på egga i 13-15 dagar.
Han reiser til Sør-Europa og Nord-Afrika i september-oktober og kjem att i april, men er også observert i Farsund-området om vinteren.