Georg VI av Storbritannia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Storbritannia | 11. desember 1936–6. februar 1952 | |
Føregjengar | Edvard VIII | |
Etterfylgjar | Elizabeth II | |
Fødd | 14. desember 1895 | |
Død | 6. februar 1952 | |
Gift med | Elizabeth Bowes-Lyon | |
Gravlagd | St George's Chapel i Windsor Castle | |
Georg VI (eng. George VI, fullt namn Albert Frederick Arthur George). (14. desember 1895–6. februar 1952). Han var den tredje britiske monarken av fyrstehuset Windsor. Han var konge av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland og det britiske imperiet frå 11. desember 1936 til 1952. I tillegg hadde han tittelen keisar av India frå 1936 til 1947. Fram til 1949 hadde han tittelen konge av Irland, medan han frå 1947 til 1952 hadde tittelen konge av Pakistan. Georg VI var son av kong Georg V av Storbritannia og dronning Mary av Teck. Broren Edvard VIII av Storbritannia gjekk av som konge i 1936 av di han ynskte å gifta seg med ei fråskild kvinne.
Georg VI var gift med Elizabeth Bowes-Lyon, som seinare fekk tilnamnet Dronning-mora. Under den andre verdskrigen symboliserte dei saman Storbritannia og imperiet si evne til å halda ut i kampen mot Hitler- Tyskland.
[endre] Barn
- Elizabeth II av Storbritannia fødd 1926, regjerande dronning av Storbritannia frå 1952.
- Margaret Rose av England fødd 1930, gift med Anthony Armstrong-Jones av Snowdon.
[endre] Titlar gjennom livet
- 1895-1898: His Highness Prince Albert of York (prins Albert av York)
- 1898-1901: His Royal Highness Prince Albert of York
- 1901: His Royal Highness Prince Albert of Cornwall and York (prins Albert av Cornwall og York)
- 1901-1910: His Royal Highness Prince Albert of Wales (prins Albert av Wales)
- 1910-1920: His Royal Highness The Prince Albert (prins Albert)
- 1920-1936: His Royal Highness The Duke of York (Hertugen av York)
- 1936-1947: His Majesty George VI, by the Grace of God, of Great Britain, Ireland, and of the British dominions beyond the seas, King, Defender of the Faith, Emperor of India. (Hans Majestet Georg VI, med nåde frå Gud. Konge av Storbritannia, Irland og dei oversjøiske britiske områda. Forsvarar av trua. Keisar av India.)
- 1947-1952: His Majesty George VI, by the Grace of God, of Great Britain, Ireland, and of the British dominions beyond the seas, King, Defender of the Faith.
(Hans Majestet Georg VI, med nåde frå Gud. Konge av Storbritannia, Irland og dei oversjøiske britiske områda. Forsvarar av trua.)
Føregjengar: Edvard VIII av Storbritannia |
Britiske monarkar (1936–1952)
|
Etterfylgjar: Elisabeth II av Storbritannia |