Gallis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gallis (uttalast gælis med trykk på fyrste staving og tjukk l) er namnet på ein gard (med fleire bruk) i Kodal sokn i Andebu kommune i Vestfold.
Gardsnamnet blei for fyrste gong registrert i Raudeboka med stavinga Galiza. Opprinninga er mest sannynleg etter ein oppsittar som har vore på pilgrimsferd til Santiago de Compostela der sankt Jakob er gravlagt. Dette området i Spania heiter Galicia. Da han kom heim gav han dette namnet til garden sin. Det einaste tilsvarande gardsnamnet i Noreg er Jaksland (Jakobs land) i Røyken i Buskerud.
Pr. september 2005 var det 69 personar i Noreg med etternamnet Gallis.
[endre] Kjelder
- www.pilegrim.no
- Andebu bygdebok, red. av dr. philos. Arne Gallis
- Andebu: en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, «Lat os inkje forfederne gløyma», av Lorens Berg ISBN 82-993731-0-7
- www.ssb.no (namnesøk)