Framande artar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framande artar er artar, underartar eller lågare takson som opptrer utanfor sitt naturlege utbreiingsområde eller spreidingspotensiale; omgrepet omfattar alle livsstadium som har potensiale til å overleve og formeire seg.
Omgrepet har avløyst omgrepet introdusert art, sidan ordet introdusert indikerer ein aktiv handling, medan ordet framand ikkje seier noko om korleis arten er spreidd.
Framande artar kan særleg ha store konsekvensar for økosystem på øyar som tidlegare har vore isolerte.
Innhaldsliste |
[endre] Noreg
I Noreg har artsdatabanken registrert 2483 framande artar. 217 av desse er risikovurderte i Norsk svarteliste 2007.
[endre] Døme
Nokre artar, som brunrotte, gråspurv, fasan og stare, er blitt innførte over store delar av verda. I tillegg kjem innførte tamdyr som ofte blir ville: Kaninar, hundar, geiter, grisar og kattar.
Brun skogsnigel, også kalla mordarsnigel, er ein framand art i Noreg. |
Caulerpa taxifolia, også kalla mordargalgen, er ein innført art i Middelhavet. |