Fonetisk alfabet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit fonetisk alfabet er ein standardisert måte å bokstavere ord på. Det finst i mange språkutgåver. Dei fleste språk har sitt eige nasjonale fonetiske alfabet, som gjerne står oppslått i telefonkioskar eller telefonkatalogar. Nokre nasjonale fonetiske alfabet er så innarbeidde at dei òg vert brukt til dagleg, f.eks. innan forsvaret, ved lesing av vanskelege ord eller akronym på telefon eller radio, eller f.eks. på bingo. SK 323 blir for eksempel sierra-kilo 323.
For å samkøyre verdas land rår Den internasjonale teleunionen (ITU), Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) og andre organisasjonar til at det «det fonetiske alfabetet til Nato » vert brukt. I røynda har ITU og ICAO utarbeidt to praktisk tala like fonetiske alfabet som seinare er tekne i bruk av m.a. Nato og ei rekkje andre instansar. (Det finst somme små skilnader mellom tilrådingane, sjå tabellen under.)
[endre] Alfabet og uttale
Bokstav | Ord | Uttale (engelsk) | Bokstav | Ord | Uttale (engelsk) |
---|---|---|---|---|---|
A | Alfa (ICAO, ITU, FAA) Alpha (ANSI) |
AL FAH | S | Sierra | SEE AIR RAH (ICAO, ITU) SEE AIR AH (FAA) |
B | Bravo | BRAH VOH | T | Tango | TANG GO |
C | Charlie | CHAR LEE or SHAR LEE (ICAO, ITU) |
U | Uniform | YOU NEE FORM or OO NEE FORM (ICAO, ITU) |
D | Delta | DELL TAH | V | Victor | VIK TAH |
E | Echo | ECK OH | W | Whiskey | WISS KEY |
F | Foxtrot | FOKS TROT | X | X-ray | ECKS RAY (ICAO, ITU) ECKS RAY (FAA) |
G | Golf | GOLF | Y | Yankee | YANG KEY |
H | Hotel | HO TELL (ICAO) HOH TELL (ITU, FAA) |
Z | Zulu | ZOO LOO |
I | India | IN DEE AH | 0 | Zero (ICAO, FAA) Nadazero (ITU) |
ZE-RO (ICAO, FAA) NAH-DAH-ZAY-ROH (ITU) |
J | Juliett (ICAO, ITU, FAA) Juliet (ANSI) |
JEW LEE ETT | 1 | One (ICAO, FAA) Unaone (ITU) |
WUN (ICAO, FAA) OO-NAH-WUN (ITU) |
K | Kilo | KEY LOH | 2 | Two (ICAO, FAA) Bissotwo (ITU) |
TOO (ICAO, FAA) BEES-SOH-TOO (ITU) |
L | Lima | LEE MAH | 3 | Three (ICAO, FAA) Terrathree (ITU) |
TREE (ICAO, FAA) TAY-RAH-TREE (ITU) |
M | Mike | MIKE | 4 | Four (ICAO, FAA) Kartefour (ITU) |
FOW-er (ICAO, FAA) KAR-TAY-FOWER (ITU) |
N | November | NO VEM BER | 5 | Five (ICAO, FAA) Pantafive (ITU) |
FIFE (ICAO, FAA) PAN-TAH-FIVE (ITU) |
O | Oscar | OSS CAH | 6 | Six (ICAO, FAA) Soxisix (ITU) |
SIX (ICAO, FAA) SOK-SEE-SIX (ITU) |
P | Papa | PAH PAH | 7 | Seven (ICAO, FAA) Setteseven (ITU) |
SEV-en (ICAO, FAA) SAY-TAY-SEVEN (ITU) |
Q | Quebec | KEH BECK | 8 | Eight (ICAO, FAA) Oktoeight (ITU) |
AIT (ICAO, FAA) OK-TOH-AIT (ITU) |
R | Romeo | ROW ME OH | 9 | Nine (ICAO, FAA) Novenine (ITU) |
NIN-er (ICAO, FAA) NO-VAY-NINER (ITU) |
[endre] Norske bokstavar
Til bruk i Noreg brukast desse norske bokstavar
Æ: Ægir (Forsvaret: Ærlig)
Ø: Ørnulf (Forsvaret: Østen)
Å: Ågot (Forsvaret: Åse)