Fleirkulturelle London
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
London er ein av dei mest multikulturelle byane i den industrialiserte verda, med meir enn 300 morsmål og meir enn 50 etniske grupper med meir enn 10 000 personar. Mange av gruppene har samla seg i visse bydelar der dei set preg på bybildet med klesdrakt, butikkar, restaurantar, skilt og plakatar.
Fødeland | Folketal |
---|---|
Storbritannia | 5 230 155 |
India | 172 162 |
Irland | 157 285 |
Bangladesh | 84 565 |
Jamaica | 80 319 |
Nigeria | 68 907 |
Pakistan | 66 658 |
Kenya | 66 311 |
Sri Lanka | 49 932 |
Ghana | 46 513 |
Kypros | 45 888 |
Sør-Afrika | 45 506 |
USA | 44 622 |
Australia | 41 488 |
Tyskland | 39 818 |
Tyrkia | 39 128 |
Italia | 38 694 |
Frankrike | 38 130 |
Somalia | 33 831 |
Uganda | 32 082 |
New Zealand | 27 494 |
Ut ifrå tal frå Office for National Statistics inkluderte folketalet 2 288 000 menneskje fødde i utlandet i 2006, det vil seie 31 %. Dette talet hadde stige frå 1 630 000 i 1997. Tabellen til venstre viser folketalet inndelt etter fødeland, med dei landa som er hyppigast førekommande. Tabellen oppgjev berre fødeland, ikkje etnisitet eller statsborgarskap. Ein viss del av dei som er oppgitt som født utanfor Storbritannia er barn av britiske borgarar, til dømes britiske soldatar som gjorde teneste i Tyskland. På same måte omfattar talet for Storbritannia barn av utanlandske borgarar. Skottar og walisarar utgjer til saman omkring 200 000 av dei som er fødde i Storbritannia.
I folketeljinga i 2001 blei det spurt om etnisitet:
- 71,15 % klassifiserte seg som kvite
-
- 59,79 % kvite britar
- 3,07 % kvite irar
- 8,29 % «andre kvite» (særleg polakkar,gresk-kypriotar, italienarar og franskmenn)
- 12,09 % klassifiserte seg som indarar, pakistanarar, bangladesharar eller «andre asiatar» (særleg lankesarar, arabarar og personar frå andre stadar i Søraust-Asia)
- 10,91 % klassifiserte seg som svarte
-
- 7 % svarte afrikanarar
- 4,79 % svarte karibiarar
- 0,84 % som «andre svarte»
- 3,15 % som av blanda rase
- 1,12 % som kinesarar
- 1,58 % som «anna» (særlig filippinarar, japanarar og vietnamesarar)
Denne fordelinga er basert på svar frå folket under folketeljinga, noko som opnar for uklare definisjonar, men då talet svar var svært høgt, blir det rekna at det gir eit statistisk sett rett bilde av samansetninga av folk.