Notting Hill
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Notting Hill er ein stad i London, nær det nordvestlege hjørnet av Hyde Park i bydelen Kensington and Chelsea. Det er kjent som eit fasjonabelt område, med store viktorianske hus og eksklusive butikkar og restaurantar. Samstundes har området ein levande alternativ kultur, som blant anna er synleg i dei mange bruktbutikkane for musikk rundt Notting Hill Gate.