El Salvador
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Spansk: Dios, Unión, Libertad (Gud, eining, fridom) | |||||
Offisielle språk | Spansk1 | ||||
Hovudstad | San Salvador | ||||
Styresett |
Republikk Antonio Saca |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
21 040 km² (152.) 1,5 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
6 704 932 (97.) — 319/km² (22.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Spania 15. september 1821 Frå Den sentralamerikanske føderasjon 1842 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
31,171 mrd. USD (91.) 4 525 USD (107.) |
||||
Valuta | Amerikansk dollar og colon | ||||
Tidssone | UTC -6 | ||||
Nasjonalsong | Saludemos la Patria orgullosos | ||||
Nasjonaldag | 15. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +503 | ||||
Nasjonale toppdomene | .sv | ||||
1 Pipil er eit indiansk språk og ein reknar med at det er mindre enn 50 personar som talar språket i dag. Språket er nesten dødt ut. Pipil vert rekna til den uto-aztekiske språkgreina. |
El Salvador (sp. tyder 'frelsaren') er ein republikk (offisielt namn: República de El Salvador) som ligg i Mellom-Amerika og grensar til Guatemala, Honduras og i Fonsecabukta mot Nicaragua. Landet har berre kyst mot Stillehavet. Landet har ein folkesetnad på kring 6,9 millionar mennesker og har den største folketettleiken i regionen. I før-spansk tid var dette området kjent som Cuscatlán (frå pipil-språk og tyder 'Land av vakre edelsteinar').
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] El Salvador før spansk herredøme
I nærleiken av Chalchuapa (departamento Santa Ana) i den vestlege delen av El Salvador er det funne steinskulpturar frå Olmek-kulturen, desse daterer seg til omlag 2000 år f. Kr.
I utkanten av den vesle byen Chalchuapa finn ein prov på at Maya-kulturen var til stades, her finn ein pyramiden Tazumal. Liknande Maya-pyramidar finn ein også i San Andrés.
[endre] 1524: Conquistadorane og erobringa av El Salvador
Pedro de Alvarado (1495–1541) var den fyrste conquistadoren som nådde området som me i dag kjenner som El Salvador. Han leia ein ekspedisjonsstyrke som prøvde å ta seg inn i området frå Guatemala, men han vart møtt med kraftig mostand frå Pipil-folket. To påfylgjande ekspedisjonar i 1525 og 1528 måtte til for å leggja under seg Pipil-folket og dei allierte Maya-språklege stammenaboane deira.
[endre] Kolonitid
Det fyrste initiativet til frigjeringa av El Salvador frå Spania kom i 1811. Ropet om sjølvstende kom frå kreoleliten. Mange intellektuelle og handelsmenn hadde gått lei av den overstyrande kontrollen som Spania framleis hadde over koloniane, og dei var svært interessert i å utvida eksportmarknaden til England og USA. Urfolkesetnaden sitt opprør mot spansk herredøme var sterk på denne tida, og dei vart tolka av dei republikanske fraksjonane som å tena deira interesser og syna at det var eit folkekrav at El Salvador kunne bli republikk. Det vaks fram ei rørsle blant kreolane (sp. criollo) og mestizane (sp. mestizo). Folkrekravet i sjølvstendeerklæringa 1811 feila då viseguvernøren av Guatemala sendte troppar til San Salvador for å slå ned rørsla. Men folkekravet døydde ikkje og fleira av menneska bak 1811-rørsla var del av 1821-rørsla.
El Salvador var fram til 1821 spansk koloni, før dei og resten av Den sentralamerikanske føderasjonen frigjorde seg frå spansk styre den 15. september d.å. Den sentralamerikanske føderasjonen vart stifta i 1823 av El Salvador, Guatemala, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I 1842 var det slutt med føderasjonen og El Salvador blei ein sjølvstendig stat.
[endre] 1932 «La Matanza»
Den 2. desember 1931 vart president Arturo Araujo kasta frå makta i eit militærkupp leia av general Maximiliano Hernandez Martinez.
[endre] 1969 Krigen med Honduras
[endre] Borgarkrig 1980 - 1992
I 1992 blei ein 12 år lang borgarkrig mellom regjeringa og opprørarar avslutta. Krigen hadde då kosta 75 000 menneske livet.
[endre] Politikk
[endre] Administrative politiske einingar
El Salvador er delt inn i 14 departement (sp. departamento). Mange av dei tidlege statsmennene i El Salvador var av fransk opprinning, til dømes statsmennene Francisco Morazán Quesada (1792 - 1842) og Gerardo Barrios (1813 - 1865). Inndelinga i departement har si opprinning i fransk statstradisjon.
|
[endre] Geografi
[endre] Natur og miljø
[endre] Klima
Stillehavskysten vert gradvis varmare og fuktigare jo lenger sør ein kjem. San Salvador ligg i ei høgd på om lag 680 m, og sjølv her kjem temperaturen ofte over 30 ºC i regntida, og over 34 ºC i den tørre tida om vinteren. San Salvador har ein årleg nedbørsnormal på 1778 mm. Frå november til april har dei fleste områda regn mindre enn ein gong kvar andre eller tredje veke, bortsett frå kysten av Det karibiske havet.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Bøker
[endre] Borgarkrigen 1980 - 1992
- Stensrud, Lise (1982). El Salvador - "Frelserens land". Cappelen Forlag. ISBN 82-02-09042-3. Språk: Norsk (bokmål)
[endre] Mot demokrati - etter 1992
- Williams, Phillip J. og Walter, Knut (1997). Militarization and Demilitarization in El Salvador's Transition to Democracy. University of Pittsburgh Press. ISBN 0-8229-5646-2
[endre] Naturhistorie
- Dickey, Donald R. og Rossen, A. J. van (1938). The birds of El Salvador. I serien: Field Museum of Natural History. Zoological series ; vol. 23(1938) Field Museum of Natural History. Språk: Engelsk.
- Mertens, Robert og Zilch, A. (1952). Die Amphibien und reptilien von El Salvador, auf Grund der reisen / von R. Mertens, A. Zilch. I serien: Abhandlungen der Senckenbergischen Naturforschenden Gesellschaft ; 487. Trykt: Frankfurt am Main : W. Kramer, 1952. Språk: Tysk.
[endre] Artiklar
[endre] Eldre historie
- Roach, Mary (1997). "New World Pompeii". Trykt i tidsskriftet: DISCOVER Vol. 18 No. 02 i 1997. Språk: Engelsk. Kommentar: Artikkelen handlar om utgravinga ved Joya de Cerén. Staden er kjent som Latin-amerikas Pompeii. Det unike med staden er at den dokumenterer dagleglivet i ein Maya-landsby. Landsbyen vart dekkja av vulkansk lava og aske ved eit utbrot for 1400 år sidan.
[endre] Naturhistorie
- Gomez-Beloz, Alfredo et. al. (2003). "Double incision wound healing bioassay using Hamelia patens from El Salvador".
Trykt i tidsskriftet: Journal of Ethnopharmacology 88. s. 169 - 173. Språk: Engelsk.
[endre] Samtidshistorie
- Landolt, Patricia et. al. (1999). "From Hermano Lejano to Hermano Mayor: the dialectics of Salvadoran transnationalism". Trykt i tidsskriftet: Ethnic and Racial Studies Volume 22 Number 2. mars 1999. s. 290 - s. 315. Språk: Engelsk.
Mellom-Amerika og Karibia |
---|
Antigua og Barbuda | Bahamas | Barbados | Belize | Costa Rica | Cuba | Dominica | Den dominikanske republikken | El Salvador | Grenada | Guatemala | Haiti | Honduras | Jamaica | Mexico | Nicaragua | Panama | Saint Kitts og Nevis | Saint Lucia | Saint Vincent og Grenadinane | Trinidad og Tobago |