Antonio Saca
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elías Antonio «Tony» Saca González (født 9. mars 1965) er ein salvadoransk politikar.
Han vart valgt til president i El Salvador 21. mars 2004 og overtok embetet 1. juni 2004. Han overtok presidentstolen etter den tidlegare presidenten Francisco Flores. Både Saca og Flores er medlem av den konservative nasjonalrepublikanske alliansen, kjend under forkortinga ARENA (sp. Alianza Republicana Nacionalista, forkortinga har si eiga tyding på sp. kor ordet 'arena' tyder 'sand' på norsk).
Saca er av palestinsk opphav frå ein familie av palestinske innvandrarar som kom til El Salvador tidleg i det 20. århundret. I tillegg til dei politiske aktivitetane er han ein framståande forretningsmann og TV-journalist, spesielt innanfor sportsjournalistikk.
Føregjengar: Francisco Flores |
President i El Salvador (2004– )
|
Etterfylgjar: — |