Dei liguriske Alpane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei liguriske Alpane | ||
---|---|---|
Høgd over havet | Punta Marguareis - 2 651 moh | |
Ligg i/på | Italia | |
Fjellkjede | Alpane | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Dei liguriske Alpane er ei fjellkjede i Italia. Dei utgjer den sørvestlegaste delen av Alpane, og sør for Colle di Cadibona ligg Apenninane. Vest for Col de Tende ligg Dei maritime Alpane. Fjellkjeda dannar grensa mellom regionane Piemonte i nord og Liguria i sør.
Dei liguriske Alpane vert drenert via Tanaro og andre sideelvar til Po på Piemonte-sida og av fleire mindre elvar som renn direkte ut i Middelhavet på den liguriske sida.
Dei høgaste toppane i Dei liguriske Alpane er Punta Marguareis (2651 moh) og Monte Mongioie (2630 moh). Det er fleire andre toppar over 2000 meter.
Fjellovergangar i Dei liguriske Alpane:
Namn | Stad | Type | Høgd (m) |
---|---|---|---|
Colle di Cadibona | Savona til Ceva | motorveg | 436 |
Colle di Melogno | Finale Ligure til Ceva | veg | 1028 |
Colle San Bernardo | Albenga til Garessio | veg | 957 |
Colle di Nava | Imperia til Ormea | veg | 934 |
Col de Tende | Tende til Cuneo | veg | 1870 |
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ligurian Alps frå Engelsk Wikipedia .