Døv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein person som er døv har inga høyrselsevne, men nemninga blir ofte òg brukt om personar som er sterkt tunghøyrde, eller let som dei er det.
På verdsbasis er grovt rekna 1 av 1000, eller 0,1%, døve. Dette talet er høgare i utviklingsland der innbyggjarane har dårlegare tilgang på medisinsk hjelp. Døve kommuniserer med andre ved hjelp av teiknspråk eller å lesa på leppene og artikulera lydar, eller skriva. Dei alle fleste døve er eldre menneske som utvikla tilstanden etter at dei avslutta skolegangen, og må derfor læra seg desse evnene som vaksne.
Medan høyreapparat ikkje kan hjelpa dei som er heilt døve, kan cochleaimplantat, som stimulerer høyrselsnerva direkte, vera til hjelp.