Counter-Strike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Counter-Strike (CS) er eit lagbasert førsteperson skytespel. Det er ein modifikasjon av spelet Half-Life og er eit av dei mest kjende onlinebaserte spela i verda. Counter-Strike går ut på at ein har to fraksjonar, anti-terroristane og terroristane, forkorta til CT og T. På forskjellige kart, med forskjellige objektiv kjempar då CT og T mot kvarandre.
Det lettaste måten å vinna i CS på er å drepa alle motstandarane, då har du/laget ditt vunne. Men om tida går ut, ser ein på kven som har oppnådd objektiva sine.
[endre] Kart
de_kart: de_kart er kart der T skal prøva å planta C4 på to på plassar som er angjevne på føehand. Dersom dei klarar dette, og bomba går av, har T vunne, klarar CT og hindra T i å planta bomba, eller desarmera den før tida er omme har CT vunne.
cs_kart: cs_kart er kart der T skal prøva å hindra gissel å bli fridde av CT, klarar CT å redda gissla har CT vunne runda.
as_kart: as_kart er kart der T skal prøva å elliminera ein såkald VIP (very important person) CT skal forsøka å redda VIP vekk frå T.
[endre] Peikarar ut
- Counter strike Game Flash Counter Strike 2D
- Counter-Strike.net