Christian Lous Lange
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Lous Lange (17. september 1869–11. desember 1938) var ein norsk fredspolitikar.
Lange blei cand. mag. i 1893. I dei påfølgande åra var han dels på lengre studiereiser for å lære seg språk, dels jobba han som lærar i Oslo. Mellom 1900 og 1910 var han sekretær ved Nobelinstituttet og Nobelkomiteen i Oslo og bibliotekaren og forretningsføraren til stiftinga.
Frå 1909 var han generalsekretær ved Den interparlamentariske unionen, fyrst i Bern, deretter i Brussel og til slutt i Genève. Dette embetet holdt han heilt til 1933, og det var au dette embetet som gjorde at han blei tildelt Nobels fredspris i 1921. Han er spesiell som mottakar av Nobels Fredspris av di at heile virket hans i mange år dreide seg nettopp om fred, og vilkår for fredelege løysingar.
I 1919 blei han kreert til æresdoktor ved Universitetet i Oslo på grunnlag av verket Histoire de l'internationalisme.
Han var far til utanriksminister Halvard Lange og stortingsrepresentant Carl Viggo Manthey Lange; og etterkommar av Christian Christoph Andreas Lange, riksarkivar og av betydning for tilgang til norsk mellomalderlitteratur.
[endre] Bibliografi
- Lærebok i verdenshistorie fra oldtidens slutning til vore dage (med H. Schjøth)
- Histoire de l'internationalisme (1919) (Fyrste del av et stort anlagt verk)
- Lærebok i verdenshistorie (1931) (med N. Østbye)