Caserta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
|
|||
Styresmakter | |||
Land Region Provins |
Italia Campania Caserta |
||
Borgarmeister | Nicodemo Petteruti | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
53 km² |
||
Innbyggjarar - Totalt (2004) - folketettleik |
79 488 1415/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 81020, 81100 | ||
Telefon-retningsnummer | 0823 | ||
Nettstad: www.comune.caserta.it |
Caserta er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Caserta i regionen Campania og har om lag 80 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig senter for jordbruk, handel og industri og ligg i utkanten av den campanianske sletta ved foten av åsane som strekk seg opp mot Appenninane. Byen er mest kjend for palasset sitt.
[endre] Historie
Den moderne Caserta vart grunnlagd rundt eit forsvarstårn bygd av langobardisk tid av Pando, fyrste av Capua. Pando øydela den opphavlege byen rundt 863. Tårnet er i dag ein del av Palazzo della Prefettura som ein gong var sete for grevane av Caserta, i tillegg å vere ein kongeleg residens. Dei første innbyggjarane flytta frå Casertavecchia (tidlegare bispesete) til den noverande staden på 1500-talet.
Byen og omegn høyrte til familien Acquaviva, som selde landområda til kongefamilien då dei kom ut for pengemangel. Kongefamilien ønskte å bygge eit nytt palass og valde Caserta, som dei såg på som ein by som var lettare å forsvare enn det tidlegare palasset ved Napolibukta. Palasset er i dag på UNESCO si verdsarvliste.
Caserta var fødestaden til den italienske forfattaren Maria Valtorta.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Caserta frå Engelsk Wikipedia .