Bitola
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gate i Bitola | |||
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
Plasseringa til Bitolai Repulikken Makedonia | |||
Styresmakter | |||
Land Kommune |
Republikken Makedonia Bitola kommune |
||
Borgarmeister | Vladimir Taleski | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
422,39 km² |
||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik - Storbyområde |
86 528 204/km² 122 173 |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | +576 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7000 | ||
Telefon-retningsnummer | 389 047 | ||
Heimeside: bitola.gov.mk |
Bitola (makedonsk: Битола) er den nest største byen i Republikken Makedonia etter Skopje. Kommunen Bitola er derimot den tredje største etter Skopje og Kumanovo. Han ligg sør i Pelagoniadalen, sørvest i landet, og er eit senter for administrasjon, kultur, industri, handel og utdanning. Rundt byen ligg fjella Baba og Nidže. Grensa til Hellas ligg berre 14 km lenger sør. Bitola er eit viktig trafikknutepunkt mellom hovudvegen frå det sørlege Adriahavet til Egearhavet og Sentral-Europa.
I perioden under Det osmanske riket vart byen kalla «Byen av konsulane» sidan mange europeiske land hadde konsulat i Bitola.
Av innbyggjarar er dei fleste etniske makedonarar (88,7 %). Kommunen har òg mindre folkegrupper av albanarar (4,4 %), roma (2,7 %), tyrkarar (1,7 %) og vlacharar (1,3 %).
Byen er heimstad for St. Klement av Ohrid-universitetet i Bitola, Makedonia sitt nest største universitet.
[endre] Historie
I nærleiken av sentrum i Bitola låg den antikke byen Heraclea-Lyncestis. Under Austromarriket heitte byen Monastiri, som tyder «kloster» på gresk. Mot slutten av 1300-talet vart Bitola ein del av Serbia under Stefan Dušan. Byen vart erobra av Det osmanske riket på 1400-talet. Då Serbia tapte byen etter den første balkankrigen fekk han namnet Bitolj etter det slaviske ordet obitel som tyder kloster. På makedonsk er ordet for kloster manastir.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bitola» frå Engelsk Wikipedia, og «Bitola» frå Svensk Wikipedia den 2. februar 2008.