Biharispråk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bihari |
|
---|---|
Tala i: | India |
Område: | Bihar |
Biharitalande i alt: | 60 millionar |
Klassifisering: | indoeuropeisk
indoiransk |
Bihari er eit samlenamn for språka maithili, magahi og bhodjpuri, som blir tala i delstaten Bihar i India og over grensa i det sørlege Nepal. Om lag 60 millionar talar biharispråk, rundt halvparten av desse bhodjpuri.
Språka har ofte blitt rekna som dialektar av hindi, men har mange trekk som skil dei frå dette. Dei er dei moderne indoariske språka som har utvikla seg lengst vekk frå eit syntetisk kasussystem og i staden fått mange agglutinerande trekk. Biharispråka har utvikla seg frå eller under sterk påverknad frå prakritspråket magadhi.
Biharigruppa inneheld desse språka:
- Angika (30 000 000 talarar). Skrive med anga, kaithi og devanagari.
- Bhodjpuri (26 254 000 talarar). Skrive med kaithi og devanagari.
- Kudmali (37 000 talarar)
- Magahi (11 362 000 talarar). Skrive med kaithi og devanagari.
- Maithili (7 500 000 talarar). Skrive med maithili og devanagari.
- Panchpargania (274 000 talarar)
- Sadri (1 965 000 talarar)
- Sarnami-hindustani (150 000 talarar) Tala i Surinam.
- Suradjpuri (273 000 talarar)
- Vadjika (500 000 talarar)