See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bekkerøye - Wikipedia

Bekkerøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bekkerøye

Bekkerøye
Bekkerøye

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Salmoniformes
Familie: Salmonidae
Slekt: Salvelinus
Art: S. fontinalis
Vitskapleg namn
Salvelinus fontinalis
Mitchill, 1814

Bekkerøye (Salvelinus fontinalis) er ein laksefisk nærskyld røya. Ho kjem opphavleg frå austlege Nord-Amerika, men er sett ut som sportsfisk mange andre stadar. I Noreg vart ho sett ut frå 1876 til 1920 og frå 1960-åra; særleg i forsura vassdrag sidan ho tålar lågare pH-verdiar enn aure. Arten står på Norsk svarteliste 2007 og vert rekna som ein høgrisikoart; ho er nemleg ein mogleg vektor for ymse utanlandske parasittar.

[endre] Kjenneteikn

Bekkerøya er mørk grøn til brun med marmorisering i lysare fargar på ryggen og ofte halen. Magen og finnene på undersida av fisken er raude, han har òg ein del raude prikkar. Raudfargen på magen vert kraftigare i gytetida, særleg hjå hannar.

Den største registrerte lengda på bekkerøye er 86 cm, og den største vekta 9,4 kg. Han kan nå ein alder på minst 7 år; kanskje det dobbelte i område kor han er innført.

[endre] Levesett

Bekkerøya trivst i klart, kaldt vatn med mykje oksygen. I det naturlege utbreiingsområdet har det vorte observert ein tendens til å symje mot strømmen tidleg på våren, om sommaren og seint på hausten; og nedover på seinvåren og hausten. Somme bestandar er anadrome til ein viss grad - dei vandrar ut i saltvatn, men forflytter seg aldri meir enn nokre få kilometer frå elvemunningane. Dei blir verande på sjøen i opp til tre månadar.

Bekkerøya er ein rovfisk som et frå eit vidt spekter av organismar, m.a. makk, krepsdyr, insekt, blautdyr, fisk, amfibium og små pattedyr. Det har òg vorte funne planterestar i mageinnhaldet til nokre eksemplar.

Dei gyter over grusbotn. Kurtisen tek til med at hannen freistar å driva hoa mot ein passande gyteplass. Om ho er villig, vel ho ein plass og grev eit reir. Medan ho grev sym hannen rundt ho og freistar å stryka finnene sine mot ho, sjølv om han mesteparten av tida er oppteken med å jaga vekk andre hannar. Når reirholet er ferdig, legg paret seg ned i og slepp ut egg og melke. Når dei er ferdige med dette, dekkar hoa egga med småstein ho feier oppstrøms. Når dei er heilt dekt, sym ho opp mot straumen og tek til å grava ei ny gytegrop.

Egga klekker etter om lag 100 dagar ved 5°C, saktare ved lågare temperatur.

[endre] Eksterne lenkjer


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -