See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Balkanfjella - Wikipedia

Balkanfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utsyn mot dei sentrale Balkanfjella. Fossen Raysko Praskalo er i midten.
Utsyn mot dei sentrale Balkanfjella. Fossen Raysko Praskalo er i midten.
Elva Iskar går gjennom eit gjel i fjellet
Elva Iskar går gjennom eit gjel i fjellet
Kozia Stena-reservatet
Kozia Stena-reservatet

Balkanfjellet (bulgarsk og serbisk: Стара планина, Stara planina, Gamle Fjell) er ei fjellkjede, som strekk seg 560 km frå austlege delar av Serbia og gjennom sentrale område av Bulgaria til Eminehalvøya ved Svartehavet. Ho er ei forlenging av Karpatane, og fråskild frå denne fjellkjeda av elva Donau.

Den høgaste toppen på Balkan er Musala i Rilafjella nær Sofia med 2 925 m, tett fulgt av Olympos i Hellas og Vihren i Bulgaria. Dei høgaste toppane i sjølve Stara planina ligg i sentrale områder av Bulgaria, og den høgaste er Botev (2 376 m), som ligg i Sentrale Balkan nasjonalpark (oppretta 1991).

Nær fjellkjeden ligg Kalofer, fødestaden til Hristo Botev, ein bulgarsk poet og nasjonalhelt som døydde vest i Stara planina nær Vratsa i 1876 i kampar mot Det ottomanske riket. Nær fjelltoppen Botev ligg Sjipkapasset, åstaden for fire slag under Den russisk-tyrkiske krigen i 1877-1878, som enda tyrkarane sitt herredøme på Balkan. Nær passet ligg landsbyen Sjipka og ei russisk-ortodoks kyrkje, som er ført opp for å hylle den bulgarske motstanden under slaga.

Stara Planina er kjend for dyre- og plantelivet i området, mellom anna edelveis i området Koziata stena.

I tidlege tider vart fjella kalla Haemus Mons. Ein meiner at Haemus kjem frå det thrakiske ordet saimon som tyder 'fjellkjede'.

[endre] Fjelltoppar

  • Botev 2 376 m (kalla opp etter Hristo Botev)
  • Vezjen
  • Kom
  • Buzludzja
  • Levski (kalla opp etter Vasil Levski)

[endre] Koordinatar

43°15′N 25°00′E


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -