Vihren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vihren | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 2 914 m | |
Ligg i/på | Balgoevgrad i Bulgaria | |
Fjellkjede | Pirin | |
Primærfaktor | 1 800 m | |
Koordinatar | 41°45′59″N, 23°23′58″E | |
Lettaste rute | Til fots på sørsida |
Vihren (Вихрен) er den høgaste toppen i Pirinfjella i Bulgaria. Med ei høgd på 2 914 m er det Bulgaria sitt nest høgaste fjell, og det tredje høgaste på Balkan etter Musala og Olympos. Fjelltoppen ligg i dei nordlege områda av Pirin. Den lettaste ruta til toppen er frå fjellhytta Vihren (på 2 000 meter) på sørsida av fjellet. Fleire av vatna i Pirin ligg rundt fjelltoppen.