Bakterie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakterie |
||
|
||
Systematikk | ||
Domene: | Bacteria | |
Vitskapleg namn | ||
Bacteria |
Bakteriane er ei stor gruppe levande organismar. Dei er mikroskopisk små og oftast eincella, med ein relativt enkel cellestruktur. Bakteriane manglar kjernemembran og organeller og blir dermed kategoriserte som prokaryotar.
Bakteriar finst i alle miljø under alle slags tilhøve.
[endre] Bakteriar innan medisinen
Menneske har ein normalflora av bakteriar som held til spesielt i tarmen (truleg meir enn 400 i tjukktarmen), men også i andre deler av kroppen. Munnsekret har til dømes normalt 108 bakteriar per milliliter. Ein tar antibiotika for å drepa skadelege bakteriar, men normalt vil den også drepa mange fleire bakteriar som ikkje er skadelege.
Bakteriar kan føra til infeksjon som er skadeleg for helsa, men dei kan også leva i symbiose eller kommensialisme med ein vert og vil då ikkje vera til skade. Mycobacterium tuberculosis er eit eksempel på ein skadelege bakterie. Den fører til tuberkulose som er ein av dei mest alvorlege bakteriesjukdomane.