Almsee
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Almsee | |
---|---|
|
|
Stad | Øvre Austerrike |
Koordinatar | |
Utsig | Alm |
Største lengd | 2,3 km |
Største breidd | 700 m |
Overflateareal | 0,9 km² |
Største djup | 9 m |
Høgd over havet | 589 m |
Almsee er ein innsjø i Øvre Austerrike i Almtal, sør for byen Grünau im Almtal. Innsjøen ligg i dei nordlege områda av fjella Totes Gebirge og er om lag 2,3 km lang og 700 m brei. Vatnet frys til kvar vinter, og det er ein populær stad for å stå på skeiser og spele curling. Svømming, bading og dykking er derimot forbode på grunn av det rike fiskelivet. Av fiskeartane i innsjøen finn ein bekkerøye, røye, bekkeaure, regnbogeaure og harr.
Konrad Lorenz gjorde viktige observasjonar av grågåsa i innsjøen.