Akershus fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Akershus festning
Akershus fylke | ||
Grunnleggjande | ||
Flatevidd: | 4 918 km² | |
Folkemengd: | 518 567 (2008) | |
Administrasjon | ||
Administrasjonssenter: | Oslo | |
Fylkesmann: | Hans J. Røsjorde (felles for Oslo og Akershus) |
|
Fylkesordførar: | Nils Aage Jegstad, H (2007 - 2011) | |
Anna | ||
Nettstad: | www.akershus.no |
Akershus er eit norsk fylke som grensar til Hedmark i nord, Oppland i nord-aust, Buskerud i aust, og Østfold i sør-aust. Oslo fylkeskommune ligg som ein enklave i sør-vest. Mot Sverige i aust, grensar Akershus til det svenske fylket Värmlands län.
Den austre og nordlege delen av fylket heiter Romerike, den sørlege delen heiter Follo, og på vestsida av Oslo ligg Asker og Bærum.
[endre] Akershus og Oslo
Akershus som fylke er nært knytt til Oslo. Så nær er tilknyttinga at administrasjonen ligg i Oslo. Fylkeskommunen held til i «Galleriet», same bygg som hovudbusstasjonen i Oslo. Namnet «Akershus» kjem av Akershus festning og slott, som òg ligg i Oslo. Gamle Aker herad var ein del av Akershus fylke og omfatta inntil 1. januar 1948 store delar av det noverande Oslo. Aker herad var sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand. Vestre Aker strekte seg heilt inn i sentrum av byen, til Studenterlunden. Etter kvart kan store delar av Akershus reknast inn i eit Stor-Oslo.
[endre] Kommunane i Akershus
(Innbyggjartal pr. 1. Januar 2006)
[endre] Tettstadene i Akershus
Det er fire byar i fylket, Drøbak, Lillestrøm, Ski og Sandvika. Både Lillestrøm og Sandvika høyrer med til tettstaden Oslo.
|
|