Sandvika
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandvika er administrasjonsstad for Bærum kommune. Sandvika fekk status som by den 4. juni 2003. Tettstaden Sandvika har frå slutten av 1980-talet gått gjennom store endringar innan infrastruktur. Det har vore sterk folkevekst, med tilhøyrande utbygging. Sandvika er senter for handel i kommunen, med Sandvika Storsenter som største kjøpesenter. Handelshøyskolen BI låg i Sandvika, men flytta i 2005 til Nydalen i Oslo.
Byen Sandvika er i lita grad geografisk avgrensa. Difor er det vanskeleg å fastsetja eit tal på innbyggjarar og flatevidd.
Mellom Oslo og Sandvika deler E16 trasé med E18. Ved Sandvika deler vegane seg, slik at E18 held fram mot Kristiansand, medan E16 tek av i retning Buskerud.
Sandvika jarnvegsstasjon på Sørlandsbanen ligg 14,14 kilometer frå Oslo S. Høgda over havet er 12,0 meter. Stasjonen vart opna i 1872 då Drammenbanen stod ferdig.
[endre] Lenkjer ut
- Sandvika
- Sandvika stasjon Jernbaneverket