Abessiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
abessiv er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til abessiv er utan, som i finsk Hän tuli rahatta "Han/ho kom utan pengar" (raha, "penge"). Abessiv finst i finsk og i andre austersjøfinske språk. Abessiv er i finsk midre brukt enn tidlegare, meir vanleg er preposisjonen ilman.