Øya Tustna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tustna | |
---|---|
Tustnafjella sett frå Kvernberget i Kristiansund. Foto: Harald Oppedal |
|
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 89 km² |
Høgaste punkt | Skarven (896 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Øya Tustna er den største og mest folkerike øya i tidlegare Tustna kommune på Nordmøre. Øya Tustna og resten av tidlegare Tustna kommune høyrer no til Aure kommune.
Innhaldsliste |
[endre] Om namnet
[endre] Uttale og bruk
Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på»+akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:
- «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
- «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)
[endre] Opphav
Namnet vart oftast skrive «Tusteren» på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart frå 1600-talet finst namnet i forma «Toester». Ein antek at namnet kjem av norrønt «Þústr» (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.
[endre] Topografi
[endre] Fjell
Fjella på Tustna er frå gammalt eit landemerke for sjøfarande, og dei er framleis noko av det som lokkar folk til Tustna.
- Sinnsetten (326 moh.)
- Jørenvågssalen
- Jurtinden (857 moh.)
- Leirtinden (760 moh.)
- Knubben (680 moh.)
- Skarven (896 moh.)
[endre] Tettstader
- Gullstein - tidlegare kommunesenter. Gullstein kirke ligg plassert her. Bru over Sålåsundet til Stabblandet.
- Leira - ligg midtvegs mellom Tømmervåg og Gullstein på nordsida av Tustna. Staden har utvikla seg til å bli sentrum på Tustna med skule, to daglegvarebutikkar, bilverkstad og andre servicefunksjonar. Idrettsarenaen Høgda stadion, som høyrer til Tustna idrettslag, ligg óg her.
- Tømmervåg - sørvest på øya. Tustna ungdomsskule ligg her, i tillegg held ungdomsklubben til her med møter i lokala til Honky Tonk Cruisers, ein bilklubb for amerikanske bilar. Lokala er i ein nedlagd butikk. Frå Tømmervåg fergekai er det ferjesamband til Seivika ferjekai i Kristiansund.
[endre] Biletgalleri
[endre] Fjella på Tustna
Sett frå Smøla.
Foto: Harald Oppedal |
Sett frå Frei.
Foto: Harald Oppedal |