See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Árta - Wikipedia

Árta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Árta
Den gamle brua i Arta
Den gamle brua i Arta
Plassering
Árta (Hellas)
Árta
Árta
Styresmakter
Land
Periferi
Prefektur
Hellas Hellas
Ipiros
Arta prefektur
Geografi
Flatevidd
 - By

47,973 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

23 863
  497/km²
Koordinatar 39°09′28″N 20°59′12″EKoordinatar: 39°09′28″N 20°59′12″E
Høgd over havet 30 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 471 00
Telefon-retningsnummer 26810
Bilnummer AT
Heimeside: www.arta.gr


Árta (gresk: Άρτα) er ein by i prefekturet med same namn i Ipiros nordvest i Hellas. Byen er óg hovudstad i prefekturet. Byen vart i antikken kalla Amvrakia (gresk: Αμβρακία). Arta er kjend for den gamle brua over elva Arakhthos, som ligg vest for sentrum. Arta har óg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historien kan ein óg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panayía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.

Arta ligg ved Artabukta som er kalla opp etter byen.

[endre] Historie

Det oppstod ein busetnad her omkring 800-talet fvt. og Amvrakia vart grunnlagd av korintarane600-talet fvt..

I 295 fvt. gjorde Pyrrhus av Ipiros, konge over molossarane, Amvrakia til hovudstad i kongedømet sitt. Han nytta byen som base då han gjekk til åtak på romarane. Pyrrhus vann store, men dyrekjøpte, sigrar mot romarane og vart kjend for uttrykket «pyrrhussiger», som referer til ei utveksling under slaget ved Asculum. I 146 fvt. vart Amvrakia ein del av Romarriket og provinsen Ipiros vart gjeve namnet Epirus Vetus, for å skilje han frå Epirus Nova i aust. Byen er ikkje nemnd under namnet Arta før 1082.

I 1204, etter Konstantinopel sitt fall under det fjerde krosstoget, vart han hovudstad i despotatet Ipiros. Despotatet strakk seg opp til Dyrrahio og inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalia og dei nordvestlege områda av Makedonia. Grunnleggaren var Mikael I Aggelos Komninos Doukas (1205-1215), ein slektning av den austromerske keisarfamilien Komninos. Etter korte periodar under dynastiet til italienarane Orsini (1318-1337), albanske klanar (1359-1416) og italienske herskarar (Carlo II Tocco, Leonardo III Tocco), erobra Det osmanske riket byen i 1449. Byen vart frigjeve frå osmanarane og annektert av Hellas i 1881 etter Berlintraktaten.

[endre] Kjelde


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -