Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2007
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Atrieseptumdefektar (forkorta ASD) er ei gruppe medfødde hjartefeil, med opning mellom forkammera i hjartet. Dei forskjellige slaga er svært ulike og krev ulik behandling. Kor alvorleig ein slik feil er varierar mykje. Verknaden i alvorlege tilfelle er fyrst og fremst hjartesvikt. Ein nyttar òg omgrepet atrieseptumdefekt om opningar i skiljeveggen som er laga med hensikt. Forekomst er omlag ein per 1 500 levande fødde.
Den foretrukne behandlinga er å lukke holet, anten kirurgisk eller intervensjonelt (med kateterteknikk). Så lenge trykket i lungekretsløpet ikkje er for høgt er dette inngrep med låg risiko og pasienten kan rekna med normal livslengd. Dersom trykket i lungekretsløpet er høgt er det eit spørsmål om tilstanden er reversibel eller ikkje. Trykket kan bli så høgt at pasienten ikkje kan opererast. Verdas første operasjon i eit opna hjarte var ei lukking av ein ASD. Det skjedde 2. september 1952. Les mer..