Yaoundé
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land |
Kamerun |
Grunnlagd | 1888 |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2005) |
1 430 000 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 750 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Yaoundé er hovudstaden i Kamerun. Med 1 430 000 innbyggjarar (2005) er Yaoundé den nest største byen i landet etter Douala.
[endre] Historie
Yaoundé vart grunnlagd i 1889 på grunnlag av den tyske koloniforvaltninga, som forskningsstasjon og hovudlager for elfenbeinshandelen. Under den første verdskrigen vart byen tatt av belgiske troppar, og i 1922 vart byen gjort til hovudstad i Fransk Kamerun.
[endre] Geografi
Byen ligg på eit platå om lag 750 moh. Omkring Yaoundé har Kamerun den høgaste folketettleiken. Mange av dei 1,4 millionar innbyggjarane bur i dei ytre delane av byen.
[endre] Klima
Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 23,3 °C, og varierar i liten grad gjennom året. Den årlege middelnedbøren er 1 617 mm, og ein har to regntider: Ein i september-oktober og ein i april-mai.