Wupper
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wupper | ||
|
||
Utspring | Sauerland | |
- Høgd | 441 m | |
Munning | Rhinen | |
Land i nedslagsfelt | Tyskland | |
Lengd | 113 km | |
Middelvassføring | 15,4 m³/s | |
Nedslagsfelt | 827 km² |
Wupper er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre. Ho har sitt utspring nær Marienheide vest i Sauerland. Den øvre leia vert kalla Wipper. Elva er 113 km lang og renn gjennom byen Wuppertal der svevebanen Schwebebahn Wuppertal følgjer elva, like over elveleiet. Elfanten Tuffi hoppa i elva frå Schwebebahn 21. juli 1950.
Elva er ikkje framkommeleg for båtar og ligg i det tidlegare Hertugdømet Berg. Før industrialiseringa vart vatnet nytta i garveri. Tidleg industrialisering nytta seg av dei mange bekkane som renn ut i Wupper til vasskraft.
Elva vert kryssa av den høgaste jernbanebrua i Tyskland nær Müngsten mellom Remscheid og Solingen. Eit par kilometer lenger ned ligg Schloss Burg på ein ås ovanfor elva. Elva munnar ut i Rhinen i Leverkusen, sør for Düsseldorf.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Wupper frå Engelsk Wikipedia .
Sideelvar til Rhinen |
---|
Frå venstre:
Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aar | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft | |
Frå høgre:
Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek |