Vienne i Isère
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For fleire tydingar av namnet, sjå Vienne (fleirtyding)
|
|||
Styresmakter | |||
---|---|---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Rhône-Alpes Isère |
||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
22,65 km² |
||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
29 930 1 321/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 169 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 38200 | ||
Heimeside: www.vienne.fr |
Vienne (frankoprovensalsk Vièna) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Isère i regionen Rhône-Alpes, og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Vienne var viktig for det tidlege bispesete i det kristne Gallia. Det mest vidkjende biskopen i byen var Avitus av Vienne. Ved kyrkjemøtet i Vienne, som vart halde her i oktober 1311, forbydde pave Klemens V den militære Tempelriddarordenen det påfølgande året.
Ei bru går frå byen til høgresida av elva Rhône der det industrialiserte området Ste Colombe no okkuperar delar av oldtidsbyen. Her er eit tårn, bygd i 1349 av Philip av Valois for å forsvare den franske sida av Rhône, som må skillast frå den venstre sida av elven som tilhøyrte kongedømmet Provence, som var avhengig av det heilage romerske imperiet. Dette sambandet har òg eit ekko i namnet på landsbyen St. Romain en Gal som ligg nordvest for Ste Colombe.
Vienne er mest kjend for sin årlege jazzfestival som vart halde i det gamle romerske teateret i juli.