Trajans forum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trajans forum i Roma, opna 1. januar 112 e. Kr., er det siste og største av dei romerske fora, og det som er i best stand. Forumet er rekna som eit av keisarfora, Fori Imperiali. Det er på 300 x 185 m, og ligg millom Kapitol og Quirinal. Byggmeistaren var den største arkitekten i samtidi, Apollodorus frå Damaskus. Trajansøyla stend til minne um sigrane til keisar Trajan av Romarriket.