Tonelag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonelag er ein skilnad i tone som er avhengig av trykk. Tonelag finst i i norsk (jf. norsk fonologi, svensk, litauisk og serbo-kroatiske språk. Det finst eit tilsvarande fenomen i japansk, der realisering av fallande tone er avhengig av trykk.
I norsk og svensk er det to tonelag, tonelag 1 og 2. Norsk har mange av minimale par, ordpar som skil seg frå kvarandre berre med tone. Dei dialektane som har e-infinitiv har tusenvis av slike minimale par:
- bestemt form eintal av avleidd substantiv vs. infinitiv: kastet / kaste
- verb + preposisjonsfrase vs. verb + partikkel: slå på radioen / slå-på radioen ("øydeleggje radioen" / "trykke på på-knappen")
Det er ikkje berre i desse minimale para vi finn tonelag, trykk blir alltid realisert i norsk på ein av to måtar, som tonelag 1 eller tonelag 2, så alle norske ytringar inneheld tonelag (for dei dialektane som har det).
Historisk går tonelag 2 attende til ord som hadde to stavingar i gammalnorsk.
Termane tonelag og tonem er synonyme, det første er tradisjonelt brukt innafor norsk dialektologi, det siste innafor strukturalistisk fonologi. I og med at strukturalismen har gått av moten, er termen tonelag vanlegare i bruk i dag. I Sverige brukar dei termane akut accent og grav accent om tonelag 1 og 2. Den engelske termen er pitch accent.
Tonelag skill seg frå tone ved at det berre blir realisert der ordet har hovudtrykk. Ved bitrykk eller trykkløyse blir skilnaden nøytralisert. F.eks. blir orda potetlandet og (å) potetlande (dvs. "å lande som ein potet") uttalt på same måte, trass i at orda landet og lande i seg sjølv har ulike tonelag (1 og 2).
Tonespråk finst det langt fleire av, særleg i Søraust-Asia og Afrika.