Tokke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0833 |
Fylke: | Telemark |
Administrasjonssenter: | Dalen |
Flatevidd: | 980 km² |
Folketal: | 2 366 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Olav Urbø (Sp) |
Målform: | Nynorsk |
Nettstad: | www.tokke.kommune.no |
Tokke er ein kommune i Telemark fylke. Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i fylket, og grensar til kommunane Vinje, Kviteseid, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle. Høgaste punkt er Urdenosi, 1 520 moh.
Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida. Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.
Gruvedrift vart drive på Åmdals Verk fram til 1945. Gruvedrift i området starta allereie i 1540, og gjekk føre seg i over 400 år. Koppermalmleia på Åmdals Verk vart funne i 1689.
Tokke er ein kommune med store vasskraftressursar.
I Eidsborg ligg Vest-Telemark museum der ein m.a. finn den vakre Eidsborg stavkyrkje.
Innhaldsliste |
[endre] Kjende personar frå Tokke kommune
- Eivind Groven (1901-1977), musikar og komponist
[endre] Verd å vitja
- Dalen Hotell
- Åmdals Verk
- Høydalsmo
- Hallbjønnsekken
- Telemarkskanalen
[endre] Sjå òg
[endre] Lenkjer ut
|