Tabloid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg artikkelen om fjernsynsprogrammet Tabloid
Tabloid er eit omgrep som kan visa til både form og innhald i ei avis. Det er det minste avisformatet, og blir teke i bruk av stadig fleire aviser. Samstundes kan «tabloid» visa til ei lettvint og gjerne populistisk framstilling.
Ordet blei opphavleg sett saman av tablett og -oid, '-aktig', og registrert som eit varemerke for piller i 1884 av Burroughs-Wellcome. Men omgrepet fekk snart ei utvida tyding om noko som var lite og lettvint, og blir i dag hovudsakleg brukt innan medieverda.
[endre] Formatet
Formatet, som blei til i 1918, fekk namn etter den tabloide stilen. Ei avis i tabloidformat måler 597 x 375 mm når ho er open. Ein fordel med tabloidformatet er at avisa blir lettare å handtere under lesing, noko som særleg blir sett pris på ved lesing på kollektive transportmiddel. Særleg i 2000-åra har stadig fleire aviser gått over til tabloidformat.
[endre] Innhald
Tabloidaviser har ord på seg for å legga vekt på sensasjonelle oppslag og overfladisk stoff. I Storbritannia er dei kjende for å plaga kjendisar ved å publisera bilde av dei og spreia møkk.
I Noreg vil mange innskrenka «tabloidavis» til berre å visa til aviser som blir selde i laussal, med VG og Dagbladet som dei to største døma. Andre store norske aviser som no blir utgjeve i tabloidformat, men som vanlegvis ikkje blir rekna som tabloidaviser, er Aftenposten, Dagens Næringsliv, Klassekampen og Adresseavisa.