Syrin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syrin (Syringa vulgaris) er ein stor, lauvfellande busk eller eit lite tre. Vekstforma er opprett med grove greiner og ganske få sidegreiner. Borken er først glatt og grågrøn. Seinare vert han grå. Nye skot er rette med motsette eggforma knoppar. Endeknoppen manglar ofte slik at skotet sluttar med to knoppar. Blada er ovale til hjarteforma, litt læraktige og glatte. Oversida er friskt grøn, medan undersida er lysegrøn. Syrin blomstrar i mai og juni. Blomstrane er samla i store klasar. Dei er lilla eller kvite og har sterk lukt. Fruktene er brune, avlange kapslar. Frøa vert ikkje skikkeleg mogne hos oss.
Rotnettet består av fleire djuptgåande hovudrøtter med eit tett greina filter av siderøter. Syrin set rotskot. Planten toler vind og litt skugge, er nøysam og kan brukast sjølv på mager sandjord.
Vanleg syrin høyrer heime på Balkan der han dannar kratt på porøs, lett og kalkrik jord. Planten finst særleg i lyse eikeblandingsskogar.
Det er mange artar i slekta syringa.