Svibruk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svibruk (svirydningsbruk eller svedjebruk) er å rydde jorda for skog ved å tenne på ein kontrollert skogbrann. Oska vert nytta som gjødning, men jorda er sjeldan fruktbar meir enn eit par år. Når jorda ikkje lenger gjev forventa avkastning, brenn bonden av ny skog og skaffar seg ny mark. Den tidlegare marka vert liggande brakk til ny skog har vokse opp og denne igjen kan gje næring ved brenning.