Stoffskifte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stoffskifte eller metabolisme er eit sett av kjemiske reaksjonar som skjer i levande celler. Desse prosessane er grunnlag for alt liv, og heilt naudsynte for at celler skal kunne vekse og reprodusere seg, oppretthalde strukturar, og respondere riktig i miljøet sitt.
I all hovudsak dreier metabolisme seg om nyttiggjering av næringsstoff; først og framst karbohydrat, protein og feitt; til vevsbygging og energi, og å kvitte seg med avfallsstoff. Stoffskiftet blir delt i anabolisme (oppbygging) og katabolisme (nedbryting).
[endre] Anabolisme
Anabolisme er oppbygging av næringsstoff. Organismar med anabolisme vert kalla autotrofe, og delast inn i dei fotoautotrofe, som får energi frå sollys, og dei kjemo-autotrofe, som nyttegjer seg av kjemiske stoff.
Den mest typiske forma for anabolisme er fotosyntesen, som byggjer energirike glukosemolekyl av karbondioksid, vatn og sollys.
[endre] Katabolisme
Metabolisme er nedbrytning av næringsstoff til energi og bygging av vev. Den mest typiske forma for dette er celleanding, som bryt ned glukosemolekyl til karbondioksid og vatn.