Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjørdal er ein kommune i Nord-Trøndelag fylke. Kommunen grenser til Malvik og Selbu i Sør-Trøndelag og Meråker, Levanger og Frosta. Trondheim lufthamn Værnes ligg i Stjørdal. Namnet på kommunen kjem frå tettstaden og kommunesenteret Stjørdalshalsen (eller berre Stjørdal). Stjørdal er rik på natur og kulturminne. Ein av dei mest kjende turistattraksjonane er Steinvikholm slott på Skatval, der Noregs siste katolske erkebiskop, Olav Engelbrektsson, heldt til dei siste åra før han måtte flykte frå Noreg til Belgia.
[endre] Eksterne lenkjer