Sneppålfamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sneppålfamilien |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Anguilliformes | |
Familie: | Nemichthyidae | |
Vitskapleg namn | ||
Nemichthyidae |
Sneppålfamilien er ein familie ålefiskar som lever pelagisk på djupt vatn i alle verdshav. Namnet sitt har han etter «nebba» til dei ulike medlemmane, som kan likna på det ein finn hjå snipefuglane. Sneppålar er særs tynne dyr med fleire ryggvirvlar enn noko anna dyr, somme eksemplar i slekta Nemichthys har opptil 760 av dei.
Før opererte ein med to grupper sneppål: Ei gruppe med korte kjever utan tenner og ei med langkjeva artar. I dag veit me at eksemplara med korte kjever er kjønnsmogne hannar, medan dei med lange kjever er hoer eller umogne hannar.
[endre] Artar
Sneppålfamilien omfattar ni artar fordelt på tre slekter. I norske farvatn er sneppål Nemichthys scolopaceus ein sjeldan gjest.
- Slekt Avocettina
- Avocettina acuticeps (Regan, 1916).
- Avocettina bowersii (Garman, 1899).
- Avocettina infans (Günther, 1878).
- Avocettina paucipora Nielsen & Smith, 1978.
- Slekt Labichthys
- Labichthys carinatus Gill & Ryder, 1883.
- Labichthys yanoi (Mead & Rubinoff, 1966).
- Slekt Nemichthys
- Sneppål, Nemichthys scolopaceus Richardson, 1848.
- Nemichthys curvirostris (Strömman, 1896).
- Nemichthys larseni Nielsen & Smith, 1978.
[endre] Kjelder
- Vøllestad, Leif Asbjørn: Ålefisker i Norges dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
- FishBase