Slottet i Versailles
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles), ofte berre kalla Versailles, er eit kongeleg slott i Versailles vest for Paris sentrum.
Det majestetiske slottet og parken rundt blei oppført av Louis XIV, kjend som Solkongen, for å visa fram makta hans og for å flytta frå opprørske Paris.
Slottet er kjend for ei rekke historiske hendingar, som utropinga av det tyske keisarriket i 1871 etter at Frankrike tapte den fransk-preussiske krigen, og Versaillestraktaten som blei utforma og underskriven her etter første verdskrigen.
Det barokke slottet i Versailles inspirerte monarkar og andre byggherrar rundt om i Europa til å oppføra liknande bygg. Det står i dag på UNESCO-lista over verdas kulturarv.