Slottet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slottet er nemninga på den offisielle bustaden til den norske kongen. Det ligg øvst på Karl Johans gate i Oslo.
Slottet blei bygd for kong Karl III Johan, som er minna med ein statue like utanfor. Bygget stod først heilt ferdig i 1849, under Oscar I.
Planleggjinga av slottet tok til i 1821, og året etter la kongen sjølv fram en stortingsproposisjon. Kostnaden ble anslått til 150 000 speciedaler, som blei skaffa gjennom sal av statsobligasjonar. Slottskommisjonen, som blei oppretta i 1823, fekk ansvaret for byggeprosessen.
Slottet blei teikna av den danskfødde arkitekten Hans Ditlev Franciscus von Linstow, og er halden i klassisistisk stil.
Om sommaren er delar av Slottet ope for publikum.