Skulpturen Laksen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laksen er ein 65 meter lang steinskulptur som førestiller ein laks. Han ligg ved lakseelva Jølstra og den såkalla «utstillingsplassen» i Førde sentrum, Sogn og Fjordane. Han er den lengste einskildskulpturen i Noreg. Laksen vart laga av den danske bilethoggaren Jørn Rønnau i 1991.
[endre] Bakgrunnsstoff
- «Verd å sjå i Førde» på NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon
- «Museum og kunst» på Reisemål Sunnfjord
- Vevsidene til skulptøren Rønnau