Skalar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein skalar er ein matematisk storleik som berre inneheld eitt element, i motsetnad til vektorar og matriser.
Skalarar kan vera både reelle og komplekse tal.
Storleikar som ikkje har noko retning er skalarar. Masse, tid og ladning er døme på skalarar.
Det er lett å skilje mellom vektorielle og skalare storleikar. Fart og kraft er døme på vektorielle storleikar, i og med at desse har ei retning. Du kan ikkje gjere berekningar med farten til ein leikam hvis du berre veit sjølve (verdien av) farten. Du må òg vite kva retning farten har. Du kan heller ikkje vere nøgd med berre å vite at ein leikam blir påverka av ein kraft på 5N, utan å vite noko om angrepspunkt og retning til krafta.