Skåne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skåne er det landskapet som ligg lengst sør i Sverige. Det ligg i det området som historisk sett vert kalla Skåneland. Landskapet fell for det meste saman med lenet Skåne län, tidlegare delt opp i Malmöhus og Kristianstads län. Eit lite område av Halland, Östra Karups socken, inngår òg i Skåne län. Skåne er ei stor halvøy som i nord grensar opp mot dei tre landskapa Halland, Småland og Blekinge frå vest mot aust. I vest ligg Kattegatt (eit bihav til Nordsjøen) og det smale Øresund som skil Skåne frå Danmark; I sør og aust ligg Austersjøen. Skåne utgjer samen med austlege delar av Sjælland den såkalla Øresundsregionen.
[endre] Historie
Skåne var lenge ein del av Danmark.