See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sjruti - Wikipedia

Sjruti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjruti (sanskrit श्रुति śruti) er eit sanskritord som tyder 'det som blir høyrt'. I dag er ordet brukt med forskjellige tydingar i indisk musikk og hinduisme.

[endre] Sjruti i hinduisme

Sjruti er ei av to hovudkjelder for lover i hindu lovkunne og religion. Sjruti kan omsetjast som 'openberring', og smrti, den andre hovudkjelda, som 'tradisjon'. Hinduar trur at vismenn 'høyrde' sjrutiane då dei sat og fordjupa seg i Gud. Alle hinduar godtek at vedaene og bhagavad-gitaen er sjruti, men det finst også andre bøker som berre nokre hinduar ærar på denne måten.

[endre] Sjruti i indisk musikk

Sjruti er eit omgrep i indisk musikk, og kan her tyda to ting:

  • I moderne indisk musikk (særleg karnatisk musikk) er ordet sjruti brukt til å tyda ein av dei tre oktavane som er brukt i indisk musikk (og som liknar på dei tre oktavane låg C, høg C, og normal C i vestleg musikk) eller, meir presist, tonen 'sa' i det registret. Denne tydinga blir ofte misforstått, slik at sjruti blir rangt samanlikna med tonika eller tonearten i vestleg musikk - omgrep som eigentleg ikkje finst i moderne indisk musikk.
  • I gammal indisk musikkteori var sjrutien òg eit mål som var brukt til å måla toneavstand mellom ein tone og den neste. Toneavstanden mellon 'sa' (den første tonen) og 'ri' (den andre), til dømes, var fire sjrutiar. Ein reknar tradisjonelt at ein oktav spenner over 22 sjrutiar. Moderne indisk musikk bruker ikkje harmoniane og toneavstand mellom to tonar er ikkje viktig i dag. Indiske teoretikarar er ikkje einige om sjruti-omgrepet er nyttig til å skildra toneavstanden mellom grunntonen 'sa' og andre tonane, men omgrepet er likevel mykje brukt i nyskrivne indisk musikkteoribøker. Det er ikkje uvanleg å lesa i moderne bøker at det ein gong fanst 22 sjrutiar i indisk musikk, men no finst det berre 12. Slike tolkingar er baserte på forvirring av sjrutiar, som er berre eit mål, og tonar. Det finst eigentleg 22 sjrutiar i ein oktav, men toneavstanden mellom ein tone og den neste er alltid meir enn ein sjruti. Denne tabellen viser grovt sett korleis dei tolv karnatiske tonane blir plassert mellom dei 22 sjrutiane:


Sjruti kan også tyda berre 'melodi', og har denne tydinga i uttrykk som det tamilske 'sruthi suddham' (å syngja eller spela reint).


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -