Sjørøvar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg sjørøveri og piratkopiering
Ein sjørøvar eller pirat er ein person som driv med sjørøveri, plyndring til havs eller ved hjelp av skip. Sjørøvarar har vore til så lenge folk har ferdast til havs, men folkelege førestillingar plasserer dei gjerne i Karibia på 1600-talet. Ein typisk sjørøvar av dette slaget har gjerne trebein eller augelapp og er pynta med gull, smykke og prangande klede. Flagg med daudningehovud, nedgravde skattar og ein papegøye som kjæledyr er andre effektar ein gjerne forbind med sjørøvarar. Sjørøvarar er blitt til lett kjennbare figurar i populærkulturen, og det er vanleg å leika eller kle seg ut som sjørøvar, mora seg med sjørøvarleiketøy eller -dekorasjonar, og sjå på sjørøvarar som underhaldning i bøker, teaterførestillingar og på film.
Innhaldsliste |
[endre] Sjørøvarar i populærkulturen
Sjørøvarførestillingane våre har rot i litteratur og film, særleg skrifter og seinare filmatiseringar av Daniel Defoe. Defoe stod bak ei rekke halvsanne brev og historiar, førte i pennen av påståtte sjørøvarar, der han la fram det frie og rettferdige livet sjørøvarar imellom som ein kontrast mot den engelske samfunnsordninga. Mange av desse tok utgangspunkt i fengsla sjørøvarar Defoe hadde truffe som reportar for Applebee's Journal på 1720-talet.
Figurar som Kaptein Krok, i den kjende forteljinga om Peter Pan, og den skremmande Long John Silver med trebeinet, i Skatten på sjørøverøya av Robert Louis Stevenson, har også hatt stor påverknad på det moderne sjørøvarbiletet. Filmatiseringa frå 1950 med Robert Newton som Long John Silver la grunnlaget for førestillinga om at sjørøvarar snakka engelsk med Cornwall-aksent.
Den populære komiske operaen The Pirates of Penzance av Gilbert & Sullivan frå 1879 framstilte britiske sjørøvarar som likandes sjøfolk. Sjørøvarar har seinare dukka opp i fleire humoristiske samanhengar, som i fjernsynsserien Brødrene Dal og Professor Drøvels hemmelighet (1978) eller Monty Pythonfilmen The Meaning of Life (1983). Dataspeleserien Monkey Island handlar også om nokre løgne sjørøvarar.
Interessa for sjørøvarar steig i Noreg då Terje Formo skapte barnefiguren Kaptein Sabeltann i 1989. Internasjonalt kom gruppa tilbake i søkelyset med filmserien Pirates of the Caribbean der Johnny Depp gjorde inntrykk med den flotte og morosame sjørøvarkapteinen Jack Sparrow.
[endre] Kjende sjørøvarar
- Samuel Bellamy
- Anne Bonny
- Stede Bonnet
- Francis Drake, «The Gentleman Pirate»
- Henry Every
- William Kidd
- Henry Morgan
- François l'Ollonais
- John Rackham
- Mary Read
- Edward Teach, Blackbeard
[endre] Oppdikta sjørøvarar
- Sjørøvarskip og mannskap som alltid blir senka opptrer som fast innslag i den franske teikneserien Asterix.
- Kapten Krok i Peter Pan
- Kapten Sabeltann
- Long John Silver i Skatten på sjørøverøya
- Jack Sparrow
- Guybrush Threepwood i Monkey Island
[endre] Bakgrunnsstoff