Sjøkreps
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjøkreps |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Crustacea | |
Klasse: | Malacostraca | |
Orden: | Decapoda | |
Underorden: | Pleocyemata | |
Infraorden: | Astacidea | |
Familie: | Nephropidae | |
Slekt: | Nephrops | |
Vitskapleg namn | ||
Nephrops norvegicus
Linnè, 1758
|
Sjøkreps eller bokstavkreps (Nephrops norvegicus) er eit krepsdyr i hummerfamilien. Han lever på mjuk botn på 15-800 m djupn langs store delar av det austlege Atlanterhavet, og er vanleg å ta i trål saman med djuphavsreker. Dyret liknar hummer i kroppsform, men er mindre (12-24 cm) og slankare. Fargen varierar mellom raud og gul, ofte med lyse merke på ryggskjoldet. Det er desse som har gjeve arten tilnamnet bokstavkreps.
Sjøkrepsen er eit einsamt rovdyr, som lever av andre dyr han finn på botnen.
Den muskuløse halen er god mat og vert selgd i butikkane som scampi. Omkring 60 000 tonn vert difor teke kvart år, halvparten av den britiske fiskeflåten. Båtar som driv med scampifiske får òg ein del flyndre, noko som bidreg til at fangsten vert økonomisk forsvarleg.
Dyrerekka Cycliophora, som lever kommensialistisk på munndelane til dyr i hummerfamilien vart først oppdaga på sjøkreps.